fredag 30. april 2010

Fra gammel litteratur


Utdrag fra Magre vilkår av Haakon Garaasen.

.............'Lengre søretter. Til Fiskelaustjønne, framom Hundhøgda til ein ny husmannsplass, Kjønnåsen. Her er det no eit nytt 'ødehemman' på Finnmarka, Trysils finnmark. Her ligg det ein mager sandmo. Eigarmannen, husmannen Ole Kjønnåsen - av ætta hans Ljøstad Børe han med - levde og sleit her alle sine dager. I fjor heldt han aksjon, stengde døra og reiste. Reiste enno lengre nordetter, åt magrare moar og naknare skjer enn desse - -

Det ligg triveligt her i Kjønnåsen. I blide vårar anga her av saftfullt gras kring stuguveggen. Her dreiv 'n Ole, husmannen, med tjørubrenning, og levde her sitt frie villmarksliv, ein hedersmann frå først til sist. Og her ligg Fiskelaustjønne, og er meir som ein sjø. Rundt som eit fugguløge (fugleauga) lig det her og stirer, beint inn i himilen. I alle somrar ligg det og blinkar og blunkar og er eit augo åt sjølve villmarka og med dåm og drag av sjølve villmarka si dulde og løynde sjæl. I dette auga laut skyerne spegla seg på si vandring fram over jorda.'............



Kommentar:
Ole er min oldefar. Han var gift med Brita som kom fra Grossmossbäcken.
Ole og Brita flyttet i 1924.


0 kommentarer: