torsdag 1. september 2011

Fritt etter Jacob Sande

Fritt etter Jacob Sande

av Karoline Gran den 1. september 2011 kl. 22:03
I morgon skal eg byrja eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri meire røykja eller drikka vin
trur eg.
Eg skal ikkje skråla visor meir i laddevinsrus,
og ikkje klina når eg ser ein flotte mann
trur eg.
Alle mannfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ei lita ærbar jomfru,
trur eg.
Eg skal sitja som ein nonne i ein misjonsmanne-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
trur eg.
Alle skal få sjå meg, når det lid til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg med høghæla sko og utan hatt,
trur eg.
Eg skal ikkje leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og skal ikkje stå up når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrgja på den gode veg, som sagt,
trur eg,
aldri taka striden upp mot kjøtet og den heile djevlesmakt,
trur eg.
Men idag lyt det få vera, for eg er så spøkje trøtt
at eg mest må finna senga og sova lite fyrst,
trur eg.

0 kommentarer: